Om Volda Multihall
Volda Multihall fokuserer på å skape eit miljø der alle kjenner seg velkomne og verdsette, uavhengig av bakgrunn.
Vi arbeider for å styrke banda i samfunnet og fremje ei sterk kjensle av tilhøyrsle.
Vår tilnærming er prega av ein kontinuerleg vilje til å tilpasse og utvikle oss for å møte samfunnets behov på ein framtidsretta måte. Gjennom desse prinsippa skaper vi ein levande og inkluderande stad for alle.
Multihallen vert plassert mellom E39 og SpareBank 1 hallen på Volda stadion, sett mot Øst.
Lengst mot nord (til venstre) ligg fleirbrukshallen og turnhallen ved sida av kvarandre, med skytebanar i underetasjen.
Lengst mot sør (høgre) ligg klatre- og buldrehallen, vonaleg med eit garasjeanlegg i underetasjen.
I midten ligg Skate & Scoot hallen nærast E39 i første etasje med ekstra høg takhøgde i deler av arealet, og med sosial sone og mingleområde på innsida.
I andre etasje ligg aktivitetssal, e-sport anlegg, møterom og kontor, med sosiale soner og kafeområde sentralt i 2. etasje ved tribuneanlegg til fleirbrukshall og turnhallene.
Det vert hovudinngang frå aust, men og mogleg å gå inn frå den sida som vender mot E39.
For å gje plass til hallen må dagens skatepark flyttast lenger sør, og det vert laga ein ny pump-track bane mellom den og Stadionvegen.
På vollen nærast stadion verdt det laga eit naturleg amfi som vender mot ein paviljong ved enden av ballbingen som er i stadionparken i dag.
Det vert mogleg å køyre ned til hallane for dei med spesiell løyve og behov, men stor vekt på sykkel, gangvegar og kollektive transportløysingar.
Mellom vegen ned til hallene og hovudbana på stadion vert det bygd ein kombinert basketball og bandybane.
3v3 baner og padelbane vert plassert nede ved Rotevatnet mellom dagens grusbane og hovudbane.
Dit vert og grindløda flytta for å gje plass til basket- og bandybana, og skape ein sosial og koseleg møteplass ved Rotevatnet.
VTI Fotball ser på moglegheitene for ei utviding av rekruttbana og bygging av ei mindre tribune ved rekruttbana.
Resten av grusbana ser vi for oss å nytte til parkering, vonaleg med innkøyring frå Rotsetgeila. Og det vert sett på moglegheita for å legge til rette at nokre av desse parkeringsplassane kan verte nytta som bobilparkeringsplassar om sommaren og ved større arrangement på stadion med mange tilreisande.
Ope resepsjonsområde og sosial sone sentralt i 1. etasje, med kort veg til dei ulike anlegga.
Det vert mykje bruk av glas-veggar (ikkje synt på bileta enda) for å skape god kontakt mellom areala så det er lett å sjå og fylgje med på dei ulike aktivitetane.
Enkel inngang til fleirbrukshall, skate/scoot, klatring/buldring og heis/trapp ned til dei to skytebanane og opp til 2. etasje
Sosial sone i 2. etasje er bunde saman med 1. etasje med ein ope trapp sentralt i arealet, med ope og direkte tilgang til tribuneområde ved fleirbrukshall og turnhallen.
E-sport sine ulike rom vert plassert rundt den sosiale sona, med glasveggar for god kobling mellom areala og aktivitetane.
Her finn ein og aktivitetssalen, E-sport amfiet, kiosk/kafe og nokre møterom og kontorplassar
I klatre og buldrehallen vert det tauklatring og buldring over tre etasjar, med opne område tilrettelagt for god sikt og kobling mellom dei ulike delane og mindre amfi for tilskodarar strategisk plassert rundt i areala
Omlag 1300 m2 tauklatring med 16 m høgde, 580 m2 tauklatring med 11.5 m høgde, og vel 900 m2 buldrearal
Det vert lagt til rette for omkledningsrom, lager for lift som nyttast ved omskruing av ruter, verkstad og vaskeri for klatretak og utstyr, styrkerom og andre støttefasilitetar som trengs for både kvardagar og konkurransar
Buldring i 3. etasje i hallen med integrerte kvilesoner, amfi og veggar.
Det vert tilsvarende i 2. etasje, der vi og ser føre oss “buldresoppar” – alt med glasrekkverk og god sikt til dei ulike delane av hallen
Omlag halvparten av Skate og Scoot hallen får dobbel takhøgde,.
Det vert lagt stor vekt på å binde dei ulike areala i hallen saman med bruk av glasveggar, og frå Skate og Scoot hallen vert det god visuell kobling med aktivitetsal og møterom i 2. etasje og mingleareal i begge etasjane.