Meir enn ein hall
Fysisk aktivitet, førebygging av fysiske og psykiske helseplager, livskvalitet for alle
Meir enn 15 idrettslag går saman om eit unikt initiativ for skape tilbod til alle dei i regionen som manglar, heilt eller delvis, moglegheit til å drive sin idrett og vere i fysisk aktivitet.
Visjon og mål
Fysisk aktivitet er det beste verkemiddelet for å forebygge fysiske- og psykiske helseplager, og fremme livskvalitet for alle.
Meir enn 15 idrettslag går saman om eit unikt initiativ for skape tilbod til alle dei i regionen som manglar, heilt eller delvis, moglegheit til å drive sin idrett og vere i fysisk aktivitet.
Målet er ein Multihall med meir enn 15 ulike idretts- og aktivitetsanlegg, inne og ute.
Gjennom satsing på eigenorganisert aktivitet skal vi gje dei som ikkje finn seg til rette innanfor organisert idrett, eller av ulike grunnar ikkje kan delta i organisert idrett, like moglegheiter.
Multihallen skal skape møteplassar på tvers av interesser og generasjonar, ein sosial samlingsstad der folk kan møtast, som stimulerer utvikling av sosiale ferdigheiter, førebyggjer psykiske plager og inspirerer til meir aktivitet. Ein inkluderande arena med fokus på inkludering og mangfald, tilrettelagt for paraidrett og fokus på å forebygge ulikheit av ulike årsaker.
Fleirbrukshall
Stor fleirbrukshall for alle typar innendørs idrettar og aktiviteter, med særskilt tilrettelegging for basket, bandy, futsal, volleyball og handball
Klatre- og buldrehall
Klatrehall med omlag 1 300 m2 tau 16 m, omlag 580 m2 tau 11,5m, Buldring omlag 900 m2
E-sportsenter
E-sportsenter med treningsfasiliteter, sosiale soner for gaming, VR rom, streamingstudio med produksjonsrom, og ein eigen e-sport arena for større arrangmenter
E-sport amfiet kan og nyttast til kurs, møter og mindre og intime konsertar, førestillingar og kulturføremål
Aktivitetssal og styrkerom
300 kvm aktivitetssal og 100 kvm styrkerom
Aktivitetssalen kan og nyttast til kurs, møter og mindre og intime konsertar, førestillingar og kulturføremål
Sosiale soner og møteplasser
Møteplassar med minglesone i både 1. og 2. etasje i sentralt i hallen, med bordtennis, biljard og andre aktivitetar.
Kiosk og kafeområde
Muligheit for noko å bite i og drikke på medan ein ser på livet som er i området. Vi har innvendige glasveggar så ein kan fylgje med på aktivitetane i dei ulike delane av hallen, og med god utsikt over stadionområdet
Padelbane
Padelbane saman med Grindløda og 3v3 banar med idyllisk plassering ved Rotevatnet
Pump-track bane
Eit spennande tilbod til både unge og vaksne, der ein kan utfordre seg sjølv og utvikle ferdigheiter i trygge og varierte omgjevnader
Amfi i stadionparken
Eit naturlig amfi felt inn i vollen som ligger i Stadionparken i dag, vendt mot anlegget så en kan følge aktiviteter eller overvære arrangement når paviljongen benyttes til mikro-kulturhus
Paviljong
Enkel paviljong med litt overbygg som kan tene som pop-up kafe på godversdager og mikro-kulturhus med intimkonsertar i amfiet etter inspirasjon frå Nygårdsparken i Bergen.
Parkering
Det vert god kapasitet til sykkelparkering under tak, arbeidd for betra kollektivløysingar, parkeringskjellar for bilar. Ei rundkjøyring med sone for av- og på-stiging for passasjerar gir auka trafikksikkerheit på stadion.