Om satsinga
Meir enn 15 idrettslag og grupper går saman for å skape ein
inkluderande aktivitetsarena der alle kan delta og finne sin plass
Volda Skyttarlag (Volda)
Hjartåbygda Skyttarlag (Volda)
Ørsta Volda Pistolklubb (Ørsta/Volda)
Volda E-sport (Volda)
Sunnmørsk Klatreklubb (Ørsta/Volda)
Bratt Sykkelklubb (Volda)
Ørsta Rullarlag (Ørsta)
Volda Innebandyklubb (Volda)
Norges Innebandyforbund (Nasjonal)
Ørsta IL Turn (Ørsta)
VTI Allidrett – Turn (Volda)
VTI Allidrett – Friidrett (Volda)
VTI Allidrett – Diskgolf (Volda)
VTI Allidrett – Langrenn og Skiskyting (Volda)
VTI Fotball (Volda)
Volda NTN Taekwon-Do klubb (Volda)
Volda Skulekorps (Volda)
Volda Ørsta Basketballklubb (tidl.) (Volda/Ørsta)
X2 Festivalen (Volda/Ørsta)
KFUM Volda Volleyball (Volda)
Volda Idrettsråd støttar satsinga
Det er ope for fleire idrettslag i regionen å bli med på satsinga
Volda Multihall er ein arbeidstittel, og det er planlagt å starte eit ideelt aksjeselskap med deltakande idrettslag som eigarer for å realisere initiativet
Inntil vidare er Volda E-Sport formell vert for satsinga
Eit prekært behov
Multihall satsinga byggjer på konkrete og prekære behov som er identifisert blant dei 15 deltakande idrettslaga, i tillegg til eit stort behov innen eigenorganisert aktivitet som etableringen av Tverga er eit god døme på
Volda Skyttarlag og Hjartåbygda Skyttarlag står utan innandørs skytebane etter at Volda ungdomsskule vart riven
Ørsta – Volda Pistolklubb står utan innandørs skytebane etter at Ørsta Kulturhus vert riven
Volda E-sport held i dag til i tre eldre Moelven brakkar, men har behov for omlag 500 kvm til å drive dei daglege aktivitetane og gjennomføre større E-sport arrangement
Sunnmørsk Klatreklubb driv i dag klatrevegg i Ørstahallen og i Volda Campus SpareBank1 Arena (VCA), og hadde ei stund etter opning av hallen i Ørsta meir enn 980 medlemmar og var den 3. største klatreklubben i Noreg. No er talet meir rundt 700 medlemmar og den 8. største klubben i Noreg. Ei mogleg årsak til nedgangen er at det har vore vanskeleg å halde på dei som klatra på eit moderat nivå, då det ikkje er nok spreiing i klatreruter frå lett til vanskeleg i dei anlegg ein i dag har tilgang til. Klatreveggen i Ørsta vert og stengt ved handballturneringer, andre idrettsaktivtar, arrangement som til dømes konsertar, skulanes Melodi Grand Prix, Næringskonferansen, og i heile juli månad om sommaren.
Med ein regional klatrehall i Multihallen vil ein kunne få til eit breiddeanlegg for barn og vaksne, men og eit moderne anlegg for å utvikle framtidig konkurranseklatring og utøvarar. Der ein får samla alle treningsfasilitetane innan klatring på ein stad, som vil være stor nok til at ein kan arrangere NM og NC både innan Tauklatring, Buldring og Paraklatring, og med eit potensial for ei auke i tal medlemmar til mellom 1 000 til 1 500 som gjer Multihallen på Søre Sunnmøre til eit regionalt tyngdepunkt innan klatring.
For konkurransar er det i dag kun Molde/Kristiansund på Nordvestlandet som kan handtere nasjonale konkurransar i eige anlegg, men med ulike begrensingar, medan konkurranser i kommersielle anlegg ofte kjem i konflikt med kommersielle omsyn. Dei regionale konkurransane tiltrekk seg så mange utøvarar at dei er vanskelege å gjennomføre utan deltakarbegrensingar. Det er difor behov for eit regionalt anlegg som skissert i Multihall satsinga, som stettar behovet frå breidde og mosjonist til skarpklatrar, både for funksjonsfriske og for personar med funksjonshemming, og fungerer for både lokale, regionale og nasjonale konkurransar utan begrensingar.
VTI Allidrett – Turn har i dag ikkje tilgang til treningsfasilitetar for turn, men samarbeider med Ørsta IL Turn om treningar i Ørstahallen. Dette er eit breddetilbod, og ingen av staden fins det turnhall med faste installasjonar som gjør det mogleg å satse utover grunnleggande breddenivå i Ørsta eller Volda. Ein ynskjer difor å samarbeide om ein medium turnhall i Multihallen med faste installasjonar som gjer det mogleg å satse på turn, medan det vert eit breiddetilbod i både Ørsta og Volda.
Bratt Sykkelklubb har i fleire år arbeidd for etablering av pump-track bane på Volda stadion, og Multihall satsinga er ei unik moglegheit til å realisere den
Tidlegare Volda Ørsta Basketballklubb vart lagt ned då Voldahallen for nokre år sidan vart stengt for idretten og overlate til kommersielle aktørar. Det er ikkje mogleg å drive basketball som idrett i eller rundt Volda sentrum i dag, men vi vonar basketball miljøet vil blomstre opp att med nye banar både ute og inne
Etter at Voldahallen vart lagt ned har Volda TI Fotball ikkje lenger noken innandørs hall å trene eller arrangere futsal i. Fotballfritidsordninga har og behov for meir og alternative treningsflater til si virksomheit
Ørsta Rullarlag driv i dag eit innandørs skate/scoot anlegg på Hovden, og det er mindre utandørs skatepark i Ørsta sentrum og ved Volda stadion. Men det er behov for eit større og allsidig innandørs anlegg i tillegg til det ein har i dag for kunne å utvikle aktiviteten vidare og gje eit tilbod til alle dei som ønsker det
Volda Innebandyklubb har i dag for lite tilgang på nok og eigna treningstider i Volda Campus SpareBank 1 Arena, og treng meir tilgang til treningsflater for å kunne utvikle seg vidare. Norges Bandyforbund har og ønske om kontorplass nær aktivitetane
Volda NTN Taekwon-Do klubb har treningstider i dag i Volda Campus SpareBank1 Arena, men får berre tilgang til den minste aktivitetssalen. Det er behov for tilgang på ein større aktivitetssal for å kunne drive meir effektivt og utvikle aktivitetane vidare
VTI Allidrett – Friidrett driv i hovudsak sin idrett utandørs, men om vinteren er det behov for alternative treningsmoglegheiter innandørs, der fleirbrukshallen er godt eigna
VTI Allidrett – Diskgolf driv og i hovudsak sin idrett ute, men det er behov for alternativ trening om vinteren både i høve kondisjon, styrke og kasteteknikkar
VTI Allidrett – Langrenn og skiskyting har behov for alternativ trening både sommar og vinter når forholda elles ikkje ligg til rette for gode treningsøkter utandørs. Det er og særs verdifullt å kunne trene i kombinasjon med tilgang på skytebaner innandørs når dette ikkje let seg gjøre utandørs
Volda Skulekorps har i dag ikkje eigna lokale for trening med drilltroppen, og vil kunne nytte fleirbrukshallen eller stor matte i turnhallen
KFUM Volda Volleyball har hatt stor vekst etter opninga av Volda Campus SpareBank1 Arena (VCA), men har likevel for få baner til å kunne gjennomføre større nasjonale konkurransar og turneringar i Volda. Det vert difor lagt til rette for volleyball i fleirbrukshallen, og med bruk av deler av turnhallen vil det vere kapasitet til inntil 4 volleyball baner i Multihallen. Med seks baner i VCA vert det 10 baner til saman, som opner heilt nye moglegheiter for å gjennomføre større konkurransar og turneringar.
Det siste året har ein og sett ei stor auke i interessa for sandvolleyball, og dei tre banene på Årneset er for lite til å dekkje behovet ein ser i dag. Vi ser no behov for tre nye sandvolleyball banar for å betre dekke behovet både på kvardagar, spesielt ved godt ver, og ved gjennomføring av stadig meir attraktive sandvolleyball turneringar på Årneset.
X2 Festivalen er Noregs største vinterekstremsport festival, og har over fleire år etablert seg med base på Volda Stadion. Multihallsatsinga og den visjon som ligg til grunn treff særs godt med den visjon og drivkraft som ligg bak X2 Festivalen, og vil på ein unik måte kunne bidra til vidare utvikling av festivalen
Volda handball har i stor grad sine behov for treningsflater dekka i VCA, men det er vårt inntrykk at det også innan handballen innimellom er behov for ekstra treningsflater og ekstra banekapasitet ved gjennomføring av større turneringar og samlingar.
Eigenorganisert aktivitet
er det allerede mykje av på Volda stadion. Det er ein sentral møteplass og arena for eigenorganiserte aktivitetar som Multihall satsinga vil bygge på og utvikle vidare.
Mange av idrettane som får nye anlegg og moglegheiter gjennom satsinga er typiske eigenorganiserte idrettar. Til dømes er klatring noko for barn, unge, vaksne og eldre, og sjølv om mange driv organisert klatring er det mange som klatrar utan å vere medlem i nokon klubb og driv klatring som eigenorganisert aktivitet. Det einaste ein treng er brattkort og naudsynt aldersgrense for å kunne klatre og trene eigenorganisert.
Tilsvarande gjeld Skate/Scoot som og er ein typisk eigenorganisert aktivitet. Medan futsal, innebandy og ei rekkje andre idrettar og aktivitetar som ofte er organiserte for barn og ungdom, vert eigenorganiserte for vaksne og eldre etter kvart som ein naturleg fell ut av dei organiserte idrettane av alder eller andre grunnar, eller aldri heilt finn seg til rette innan organisert idrett.
Utandørsanlegga vil vere opne og fritt tilgjengelege til ein kvar tid, og anlegga inne hallen vil bli drifta som opne og tilgjengelege i den grad det er mogleg når der ikkje foregår organiserte treningar.
er ein frivillig organisasjon etablert i 2018 av Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening, på oppdrag frå Kulturdepartementet.
Tverga er eit nasjonalt ressurssenter som veileder kommuner og frivillige i utvikling av møteplassar for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Etableringa syner viktigheita av satsing på eigenorganisert aktivitet, og er tufta på den norske idrettspolitikken som har som føremål å bidra til at folk har eit breidt spekter av lokale aktivitetstilbod. Både gjennom tradisjonell, medlemsbasert organisert idrett og eigenorganisert idrett.
er tre anlegg for eigenorganisert aktivitet i Bergen, drifta av Bergen kommune, som vi og let oss inspirere av. Der legg ein til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet på ein måte som set heilt ny standard for korleis ein i byar og lokalsamfunn kan legge til rette for eigenorganisert aktivitet.
Og vi ser føre oss ein tilsvarande tilnærming i Volda Multihall, men der vi ønsker å ta dette enda noko lenger ved å integrere organisert idrett og eigenorganisert aktivitet på same område, med eit fleirgenerasjonsperspektiv og særskilt fokus på paraidrett, inkludering og mangfald.
Ei regional satsing
Med base på Søre Sunnmøre, i “Sjustjerna”
Ein region med 54 000 personar innan 1 time reise
176 000 personar innan 2 timar
Ei analyse av reisetid i regionen er gjennomført basert på norsk vegnettruteplan og SSB sine befolkningsdata frå 2023.
Volda Multihall vil ligge sentralt langs E39 i Volda med Ørsta like ved, og kommunar som Ulsteinvik, Stryn, Hareid, Herøy, Sande kun 30 – 45 minutt reisetid unna. Og Norfjordeid, Vanylven, Stranda og Ålesund med ein time til halvannan reisetid unna, og Måløy, Selje og områdene sør for Romsdalsfjorden noko meir.
Analysa av reisetid for å kome seg til Volda Multihall viser at
19 800 personar har ei reisetid på mindre enn 30 minuttar
54 300 personar har ei reisetid på mindre enn ein time
176 200 personar har ei reisetid på mindre enn to timar
Det må og nemnast at med ny E39 Grodås – Byrkjelo vert reisetida til Førde og Sogndal omlag ein time kortare enn i dag, og både Førde og Sogndal vil ligge innanfor 2 timar reisetid til Volda med ny E39. Som bidreg til å auke befolkningsgrunnlaget for ein slik satsing enda meir.
Samfunnsnyttig investering
For kvar investerte krone får samfunnet tre tilbake
Vista Analyse har på oppdrag fra Norges idrettsforbund beregnet den samfunnsøkonomiske gevinsten av å investere i idrettsanlegg.
Samfunnet vil få tilbake tre milliarder kroner for hver milliard som investeres.
Les heile rapporten
Forankra i FN’s berekraftmål
Ei satsing som bidreg til god helse og livskvalitet, mindre ulikskap, medverker til utvikling av berekraftige lokalsamfunn og regionar gjennom samarbeid
Fysisk aktivitet er det beste verkemiddelet for å forebygge fysiske- og psykiske helseplager og fremme livskvalitet for alle.
Mutihallen gjev møteplassar på tvers av interesser og generasjonar, ein sosial samlingsstad der folk kan møtast, som stimulerer utvikling av sosiale ferdigheiter og førebyggjer psykiske plager.
Satsing på eigenorganiserte aktivitet vil vi gje dei som ikkje finn seg til rette innanfor organisert idrett, eller kan delta i organisert idrett, like moglegheiter til fysisk aktivitet.
Det vert tilrettelagt for paraidrett, og satsinga vil bidra til å førebygge ulikheit av ulike årsakar.
Multihallen vert bygd på eit massedeponi, og representerer ikkje tap av naturareal eller mangfald, men er ein moglegheit til å ta arealet i bruk på ein positiv måte.
Det vert eit bygg med vekt på miljøaspekt og klimavenlege energiløysingar.
Det vert ein stad der menneske kan møtast, med sentral plassering nær Volda sentrum i gang- og sykkelavstand, og nær busstopp for kollektivtransport.
Satsinga er eit initiativ der heile femten lag og organisasjonar, næringsliv og myndigheiter går saman om å løfte fram eit prosjekt av stor verdi for regionen.
Det er eit godt døme på at initiativ frå aktive medborgarar kan bidra til å utvikle gode og berekraftige samfunn gjennom samarbeid.
Forankra i nasjonal strategi
Som idrettsminister ser jeg viktigheten både av en stor organisert bevegelse og av levende egenorganiserte miljøer. Det sikrer aktivitet og mangfold i hele landet.
For meg personlig har egenorganisert idrett vært viktig. For helsen, både psykisk og fysisk, for vennskap og for identiteten min.
Abid Raja, Kultur- og likestillingsminister
Anerkjenne ulike interesser og motivasjon for deltakelse
Deltakelse uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn
Deltakelse blant personer med funksjonsnedsettelse
Kjønnsbalanse og likestilling
Idrett skal være fri for all form for diskriminering, hets og trakassering
Forankra i lokal strategi
Ei regional satsing som svarer på sentrale behov og prioriteringar i Volda og regionen
Frivillige lag og organisasjonar er nokon av dei viktigaste samfunnsbyggjarane i eit lokalsamfunn, og har arenaer der både born, ungdom, vaksne og eldre kan lære, meistre, vere i aktivitet, skape og få til ting – saman.
Frivilligheit skaper engasjement, fellesskap, inkludering og kulturell og demokratisk innsikt.
Gjennom samarbeid og samskaping skal vi legge til rette for sterke fellesskap og inkluderande lokalsamfunn der born får ein god oppvekst og vaksne trivst. Uformelle møteplassar og arenaer for leik, aktivitet og friluftsliv bidreg til auka fysisk aktivitet, kontakt mellom folk og meistringsopplevingar uavhengig av sosial tilhøyrsle og alder.
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022-2034, Livskvalitet og meistring
Gjeldande kommuneplan for Volda har følgjande målsetjing for å utvikle fysisk aktivitet som delaktivitet innanfor kultursektoren og som bidrag til betra folkehelse
- å legge tilhøva til rette, slik at alle som ynskjer det får høve til å delta i idrett, fysisk fostring og friluftsliv i nærleiken av bustaden sin og ut frå eigne behov”, og
- å legge til rette for eit positivt og byggande miljø og stimulere til utfalding og eigenaktivitet hos barn og unge.”
Kommunedelplan for fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø, 2014-18
Frivillige lag og organisasjonar er nokon av dei viktigaste samfunnsbyggjarane i eit lokalsamfunn, og har arenaer der både born, ungdom, vaksne og eldre kan lære, meistre, vere i aktivitet, skape og få til ting – saman.
Frivilligheit skaper engasjement, fellesskap, inkludering og kulturell og demokratisk innsikt.
Gjennom samarbeid og samskaping skal vi legge til rette for sterke fellesskap og inkluderande lokalsamfunn der born får ein god oppvekst og vaksne trivst. Uformelle møteplassar og arenaer for leik, aktivitet og friluftsliv bidreg til auka fysisk aktivitet, kontakt mellom folk og meistringsopplevingar uavhengig av sosial tilhøyrsle og alder.