Framdrift

Med visjon om opning sumaren 2027

Tidslinje og status akkurat no

Akkurat no

Fase IVi startar arbeid med spillemiddelssøknader

Fase II: Evaluering av innkomne tilbod på fase II pågår, og vi arbeider med å reise finansiering til fase II

Fase III: Førebuingar til arbeid med finansieringsløysing

Kostnadsoverslag for totalentreprise

Tre uavhengige overslag er motteke

Vi har motteke tre uavhengige kostnads overslag på Volda multihall-satsinga

Alle overslaga ligg i området 300 – 325 mill.kr for bygget

I tillegg kjem opparbeiding av uteområder og innreiing, spesielt i turn, skate/scoot og klatre/buldre areal

Vi legg difor til grunn for vidare arbeid at ei totalentreprise vil ha ei kostnad i størrelsesorden 380 – 400 mill.kr med dagens prisnivå og kroneverdi

Perspektiv på finansiering

Investering

Det vert lagt til grunn at vi vil kunne oppnå inntil 50 mill.kr tilskudd gjennom spelemiddel- og nærmiljøordningane

Vi legg og til grunn full refusjon av meirverdiavgift med 80 mill.kr. Mesteparten gjennom den del av anlegget som fell under desse ordningane og resterande gjennom mva-kompensasjon for frivillige organisasjonar

Dei deltakande organisasjonane er innstilte på å bere sin del av kostnadane, men det er ei grense for kort mykje ein kan klare

Vi har tidlegare lagt til grunn at deltakande organisasjonar, med litt hjelp, vil kunne handtere eit lån på inntil 100 mill.kr. Men etter vidare vurderingar er dette nok i meste laget, og eit lån på om lag 50 mill.kr er nok meir realistisk for den evne idrettslaga sjølv vil ha til lånebetjening. Som og vil redusere dei årlege kostnadane til drift og finansiering ein del, og sikrar ein meir realistisk driftsmodell for satsinga

Av hensyn til usikkerheit om omfang av spelemidlar, mva-refusjon og laga sin evne til samla låneopptak ser vi difor føre oss eit resterande finansieringsbehov på omlag 220 – 250 mill.kr

Årleg drift

Vi legg til grunn ein årleg driftskostnad for anlegget på 3.3 mill.kr

Med betjening av eit langsiktig lån på 100 mill.kr med omlag 6.7 mill.kr/år vert samla årleg driftskostnad på omlag 10 mill.kr

Dette er ikkje så ulikt låneopptaket ved Volda Campus SpareBank 1 Arena (VCA) då den hallen vart bygd. Med ein vesentleg forskjell at det er store offentlege leigetakarar som dekkjer mykje av driftskostnadane til VCA, medan det er berre to idrettslag som står som eigarar og ansvarlege for resten av kostnadane.

Vi kan ikkje sjå føre oss liknande leigeinntekter som VCA, men vi er mange organisasjonar å dele kostnadane på (15 idrettslag)

Samtidig inneheld satsinga ei rekkje utandørs anlegg som er fritt tilgjengeleg for alle og viktig for eigenorganisert aktivitet – men ikkje gjev noko inntektsgrunnlag for dei deltakande organisasjonane

Vi har von om at vi får på plass ein del leigeinntekter, og støtte samt noko inntekt frå parkering i parkeringskjellar som gjer at den samla årlege belastinga for deltakande organisasjonar ikkje vert høgare enn omlag 6 mill.kr/år

Det er eit nivå vi trur kan vere mogleg som andel frå idretten og dei deltakande lag med litt støtte, men vi må arbeide vidare med dette for å finne ei samla løysing både i høve investering og drift 

FORMELT

Volda Multihall er planlagt stifta som eit ideelt aksjeselskap med dei deltakande idrettslaga som eigarar

Inntil vidare er Volda E-sport (org. nr. 924 611 138) formell vert for satsinga på vegne av deltakarane

KONTAKT

3D-Modell

Tore Liaskar

LEIARGRUPPE

Eivind Dahl

Gunnar Andenes

Paul Ottar Tornes

Jan-Norvald Jønsson

Alf Bjarte Brevik

All rights reserved. Copyrights © 2024 Nettsida er levert av Dreyer Kvalheim AS