Framdrift
Med visjon om opning sumaren 2027
Tidslinje og status akkurat no
Akkurat no
Fase I: Vi startar arbeid med spillemiddelssøknader
Fase II: Evaluering av innkomne tilbod på fase II pågår, og vi arbeider med å reise finansiering til fase II
Fase III: Førebuingar til arbeid med finansieringsløysing
Kostnadsoverslag for totalentreprise
Tre uavhengige overslag er motteke
Vi har motteke tre uavhengige kostnads overslag på Volda multihall-satsinga
Alle overslaga ligg i området 300 – 325 mill.kr for bygget
I tillegg kjem opparbeiding av uteområder og innreiing, spesielt i turn, skate/scoot og klatre/buldre areal
Vi legg difor til grunn for vidare arbeid at ei totalentreprise vil ha ei kostnad i størrelsesorden 380 – 400 mill.kr med dagens prisnivå og kroneverdi
Perspektiv på finansiering
Investering
Det vert lagt til grunn at vi vil kunne oppnå inntil 50 mill.kr tilskudd gjennom spelemiddel- og nærmiljøordningane
Vi legg og til grunn full refusjon av meirverdiavgift med 80 mill.kr. Mesteparten gjennom den del av anlegget som fell under desse ordningane og resterande gjennom mva-kompensasjon for frivillige organisasjonar
Dei deltakande organisasjonane er innstilte på å bere sin del av kostnadane, men det er ei grense for kort mykje ein kan klare
Vi har tidlegare lagt til grunn at deltakande organisasjonar, med litt hjelp, vil kunne handtere eit lån på inntil 100 mill.kr. Men etter vidare vurderingar er dette nok i meste laget, og eit lån på om lag 50 mill.kr er nok meir realistisk for den evne idrettslaga sjølv vil ha til lånebetjening. Som og vil redusere dei årlege kostnadane til drift og finansiering ein del, og sikrar ein meir realistisk driftsmodell for satsinga
Av hensyn til usikkerheit om omfang av spelemidlar, mva-refusjon og laga sin evne til samla låneopptak ser vi difor føre oss eit resterande finansieringsbehov på omlag 220 – 250 mill.kr
Årleg drift
Vi legg til grunn ein årleg driftskostnad for anlegget på 3.3 mill.kr
Med betjening av eit langsiktig lån på 100 mill.kr med omlag 6.7 mill.kr/år vert samla årleg driftskostnad på omlag 10 mill.kr
Dette er ikkje så ulikt låneopptaket ved Volda Campus SpareBank 1 Arena (VCA) då den hallen vart bygd. Med ein vesentleg forskjell at det er store offentlege leigetakarar som dekkjer mykje av driftskostnadane til VCA, medan det er berre to idrettslag som står som eigarar og ansvarlege for resten av kostnadane.
Vi kan ikkje sjå føre oss liknande leigeinntekter som VCA, men vi er mange organisasjonar å dele kostnadane på (15 idrettslag)
Samtidig inneheld satsinga ei rekkje utandørs anlegg som er fritt tilgjengeleg for alle og viktig for eigenorganisert aktivitet – men ikkje gjev noko inntektsgrunnlag for dei deltakande organisasjonane
Vi har von om at vi får på plass ein del leigeinntekter, og støtte samt noko inntekt frå parkering i parkeringskjellar som gjer at den samla årlege belastinga for deltakande organisasjonar ikkje vert høgare enn omlag 6 mill.kr/år
Det er eit nivå vi trur kan vere mogleg som andel frå idretten og dei deltakande lag med litt støtte, men vi må arbeide vidare med dette for å finne ei samla løysing både i høve investering og drift